Afghanistan: Om lag 400 drepne i pakistansk luftangrep
Om lag 400 menneske er drepne i eit pakistansk luftangrep mot eit rehabiliteringssenter for rusavhengige i Kabul, opplyser det afghanske helsedepartementet.
– Tala er ikkje endelege. Redningsarbeidet går føre seg framleis, seier talsperson Sharafat Zaman.
Over 200 personar skal vere såra.
Konflikten har blussa opp dei siste månadene. Pakistan skuldar Taliban for å gi tilhald til militante grupper som angrip mål i landet.
Taliban avviser skuldingane.