IMO: 3200 skip er fanga i Persiabukta.
Rundt 3200 skip er innesperra i Persiabukta vest for Hormuzsundet, ifølge Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO).
FN-organisasjonen held onsdag eit ekstraordinært møte i London på grunn av krigen i Midtausten.
IMO meiner det er rundt 20.000 sjøfolk på skipa som ikkje kjem seg ut av Persiabukta.
Over 18 handelsskip er trefte av prosjektil, missil, dronebåtar eller sjøminer, ifølge styresmaktene i Dei foreina arabiske emirata.
Minst åtte sjøfolk er stadfesta døde og fire andre er sakna, ifølge tal som er sendt til IMO.