Maria Stavang gir seg i «Humoretaten»
Komikaren Maria Stavang sluttar i NRK-programmet «Humoretaten». Det skriv ho sjølv på Instagram.
– Takk for verdas finaste jobb og dei morosamaste kollegaene. Trur dessverre at eg aldri kjem til å ha det så gøy nokon gong i livet som eg har hatt det desse tre sesongane, skriv ho.
Stavang har vore ein del av «Humoretaten» sidan starten, som avsluttar sin tredje sesong fredag.
Programmet har hatt stor suksess, og blir spelt inn live framfor eit publikum på ein utestad i Oslo.
«Humoretaten» er tilbake med ny sesong til hausten.
Dei andre medlemmane av «Humoretaten» er Christian Mikkelsen, Sigrid Bonde Tusvik, John Brungot, Javad El Bakali, Arman Surizehi, Kristine Grændsen, Mathea Josefsen og David Mokel.