Storbrannen i Ålesund: – Ingen mistenkte
Det er så langt ingen mistenkte i samband med storbrannen i Ålesund. Det seier Karl Idar Vik, fungerande politistasjonssjef i Ålesund.
Politiet jobbar framleis med å etterforske årsaka til brannen.
– Vi jobbar ut ifrå fleire hypotesar. Det er ingen mistenkte.
Tysdag ettermiddag byrja det å brenne i terrenget ved Sukkertoppen i Ålesund. Etter kvart måtte nesten 300 personar evakuere.
Vik i politiet seier at dei framleis ber om tips.
– Vi ber om at dei som har informasjon som kan vere interessant for politiet tek kontakt. Alt av bilde og video frå tidsrommet før brannen starta på tysdag er av interesse.
Dei evakuerte er no i gang med å flytte heim.
Likevel blir det framleis ferdsels- og opphaldsforbod i område fram til klokka 14.00 fredag. Det gjeld for Sukkertoppen, Tueneset, Hessa og Skarbøvik i terreng og utanfor veg og busetnad.