Brannen i Ålesund: Politiet følger opp tips og observasjonar
Politiet jobbar med å følge opp tips etter brannen i terrenget ved Sukkertoppen i Ålesund.
– Vi følger opp det som har kome inn av tips og observasjonar i område. Vi gjennomfører også vitneavhøyr. Dette er eit turområde med mykje aktivitet, seier Arne Lid Skodje, etterforskingsleiar i politiet.
Det er framleis uklart korleis brannen starta, men politiet undersøker ulike hypotesar.
– Det har vore omtalt eit smell i område og at folk har sett aktivitet, så vi prøver å finne ut om dette er relevant. Per no er det ingenting konkret som er knytt opp mot brannen.
– Men er det nokon som sitt med litt dårleg samvit, så oppfordrar vi dei til å ta kontakt med oss, legg Skodje til.
Per no har politiet ingen mistanke om at brannen er påsett med vilje. Dei ber om tips og har sagt at alt av bilde og video, frå tidsrommet før brannen starta, er av interesse.