Mette-Marit meiner ho blei lurt av Epstein
I eit intervju med NRK fortel kronprinsesse Mette-Marit om vennskapet med den overgrepsdømde Jeffrey Epstein.
– Eg skulle sjølvsagt ønske at eg aldri hadde møtt han, seier ho.
Ho seier ho må ta ansvar for at ho ikkje sjekka bakgrunnen hans nøyare, og ta ansvar for at ho blei manipulert og lurt.
– Men det er viktig for meg å presisere at det ikkje er noko synd på meg i denne situasjonen. Det er jo alle dei ofra som er blitt usett for dei grove overgrepa som fortener rettferd.