Brann-midtstoppar Nana Kwame Boakye mister heile sesongen
Brann sin midtstoppar Nana Kwame Boakye (20) mister resten av sesongen etter han fekk ei alvorleg kneskade i sundagens kamp mot Tromsø.
Det melder Brann på sine sider.
Kneskaden må behandlast kirurgisk, opplyser Brann-lege Arne Instebø.
– Rehabiliteringstida etter operasjonen vil dessverre bli lang og gjere at han blir ute av spel resten av sesongen.