Karmøy-drapa: Sikta nektar framleis straffskuld etter nye avhøyr
Ein av dei sikta etter dobbeltdrapa på Karmøy nektar framleis straffskuld etter å ha vore i nye politiavhøyr i dag.
– Han nektar framleis straffskuld og er tydeleg på at han verken har gjort eller medverka til noko drap, seier forsvarar Odd Arild Helland.
To menn i 30-åra er sikta for drap i Kopervik på Karmøy. Det er berre den eine av mennene som har gjennomgått avhøyr.
Helleland seier at klienten hans samarbeider med politiet, og det er allereie planlagt nye avhøyr etter påske.
– Han er trygg på at forklaringa hans etter kvart vil bli stadfesta av den vidare etterforskinga til politiet, seier Helleland.