Fråtatt førarkortet etter å ha køyrd inn i hus
Ein bilførar fekk inndratt førarkortet etter ei trafikkulykke i Tennfjord i Haram natt til laurdag. Store styrkar rykte ut til etter melding om ei ulykke klokka 03:28. Ein bil hadde køyrd av vegen og inn i eit hus. Airbagen var utløyst, og føraren hadde gått frå staden. Etter blåsing i alkometer kunne politiet sjå at føraren var rusa. Personen var ikkje skadd. Føraren blir meldt for køyring i påverka tilstand.