Sjukehus: 20 drepne i israelsk angrep i Gaza
20 menneske skal vere drepne i eit israelsk angrep mot eit bustadhus i Nuseirat på Gazastripa, ifølge eit sjukehus i Det palestinske området, melder AFP. Nuseirat ligg sentralt i Gaza, og har status som flyktningleir. Den israelske hæren seier dei vil undersøke opplysningane.