Vann Nasjonsliga-gruppa
Frankrike vann 3–1 borte mot Italia i Nasjonsligaen søndag kveld.
Adrien Rabiot (2) scora to av Frankrike sine mål, medan Italia-keeper Guglielmo Vicario scora sjølvmål. Andrea Cambiaso stod for Italia sitt mål.
Frankrike-sigeren betyr at dei vinn gruppa si på nivå A i Nasjonsligaen på målforskjell framfor nettopp Italia.
Laga stod nemleg likt i innbyrdes oppgjer.
Både Frankrike og Italia går derimot vidare i sluttspelet på nivå A, sidan det er utvida frå fire til åtte lag.