Håkon Moe Berg imponerte på 800 meter – halvanna sekund bak Rodals rekord
Håkon Moe Berg fortset å springe på sterke tider i sesongopninga. Søndag knuste trønderen sin eigen rekord på 800 meter. Det gjorde han under Nordenkampen i Karlstad i Sverige.
Søndag sprang han inn til siger på tida 1.47,90. Berre halvanna sekund frå Vebjørn Rodal sin innandørsrekord på 1.46,28, som han sette i Birmingham i 1997.
Berg spring ikkje 800 meter så ofte, og han hadde 1.52,51 som toppnotering før søndagens stemne.
Tidlegare i januar sprang Berg inn til årsbeste på 1500 meter innandørs. Stortalentet noterte 3.34,32 i eit stemne i Stockholm.