Tankbil med 50.000 liter propan har køyrt utfor vegen
Hovudvegen inn til Årdal kommune vil verte stengd i minst tre timar. Årsaka er at ein tankbil lasta med 50.000 liter propan har køyrt i grøfta på fylkesveg 53 mellom Naddvik og Årdalstangen. Semitraileren har vore borti fjellveggen. Ifølgje brannvesenet er det ikkje funne lekkasje frå tanken.
– Det er mindre materielle skader på køyretøyet og tanken, skriv politiet på Twitter. Sjåføren skal ikkje vere skadd.
– Vi vurderer fortløpande om det er behov for å evakuere busetnaden i området, seier operasjonsleiar Jørgen Ommedal i Vest politidistrikt.
– Vi har kontroll på situasjonen. Det er ein bulk i tanken, men ingen teikn til lekkasje. Men bilen er ikkje køyrbar og vi har difor bestilt ein ny tankbil som propanen skal pumpast over på, seier fungerande vaktkommandør Morten Frantzen i brannvesenet.
Vegen er stengt, opplyser Statens vegvesen. Både Bermåls- og Finnsåstunnelen er stengde. Vegvesenet tilrår omkøyring via E16 over Filefjell og Årdal –Tyin.