Ektefellen til Ola Borten Moe: – #Fuckøkokrim
Ektefellen til Ola Borten Moe (Sp), Anna Ceselie Brustad Moe, la ut eit innlegg på Facebook der ho skreiv: «#Fuckøkokrim.»
Det var Aftenposten som omtala innlegget fyrst, og avisa skriv at Brustad Moe ikkje ynsker å utdjupa innlegget.
Innlegget kjem kort tid etter at Økokrim bestemte at dei ikkje skulle iverksetta etterforsking av tidlegare statsminister Erna Solberg (H).
Ola Borten Moe måtte i juni gå av som forskings- og høgare utdanningsminister, etter at det vart kjent at Moe hadde investert i aksjar i Kongsberg Gruppa som enda i at Økokrim opna etterforsking av Moe.

