Grenseovergangen ved Rafah er open
Grenseovergangen til Gaza er open for å få inn naudhjelp og for å få ut utanlandske statsborgarar. Det seier amerikanske styresmakter.
Ingen slapp ut i går, så dei utanlandske statsborgarane har venta eit par døgn sidan dei fekk beskjed.
Det er ingen norske statsborgarar.
Foreløpig er ingen nordmenn evakuert fra Gaza. Det er 250 norske statsborgarar og palestinarar med tilknyting til Noreg i Gaza. Over halvparten av dei er barn.
Amerikanske styresmakter seier også at 106 lastebilar med naudhjelp passerte over grensa til Rafah på Gazastripa onsdag. Tidlegare har dei sagt at det var 80 lastebilar.
Før krigen starta var det vanleg at rundt 500 lastebilar med forsyningar fekk reise inn til Gaza kvar dag.