SNR er tilbake i normal drift
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er no tilbake til normal drift, det melder Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.
Varmen skapte problem for ventilasjonsanlegget, som førte til at operasjonar vart utsett, og fødande risikerte å bli sendt til andre sjukehus.
No har dei fått ned luftfukta til eit forsvarleg nivå, opplyser dei.