Utgreiinga av kontakten mellom Jagland og Epstein vil ta nokre veker, seier advokat
Utgreiinga av kontakten mellom tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland og den avdøde seksualforbrytaren Jeffery Epstein vil ta nokre veker.
Det seier Sigurd Klomsæt som er advokaten til Jagland til NRK.
– Eg jobbar med å sette saman eit team som skal gå gjennom materialet. Desse personane må på plass før vi kan kome med ei utgreiing. Arbeidet med å ferdigstille ei utgreiing vil ta nokre veker, seier han.
– Det kjem ei forklaring og den må vere grundig. Kan ikkje no seie eksakt når, skriv Jagland til NRK.
Jagland har innrømma dårleg dømmekraft, men presiserer at kontakten ikkje var knytt til Epsteins privatliv eller unge jenter.