Sju cm bak verdsrekorden
Den amerikanske favoritten Ryan Crouser vann klart kulekonkurransen for menn. I sitt siste støt nådde han 23,30 meter – sju centimeter bak verdsrekorden han sjølv sette tidlegare i år. Couser hadde ein utruleg jamn serie, der alle støta var over 22,5 meter. Landsmannen Joe Kovacs tol sølvet med 22,65. Tomas Walsh frå New Zealand tok bronsen med 22,47.