Sju år gammal jente døyde i migrantbåt
Fem personar er stadfesta døde etter at det oppstod panikk på ein båt som skulle frakta migrantar frå Frankrike til England tysdag morgon. Ein av dei fem er ei sju år gammal jente, melder franske styresmakter ifølge Reuters. Det skal ha vore 112 migrantar på båten. Fransk politi seier dei redda 47 personar og at fire av dei er sende til sjukehus. Dei skal vera utanfor livsfare. Meir enn 50 personar valgte å bli på båten og fortsetta reisa til Storbritannia, melder Reuters.