Nektar å spele landskampar
Chilenske landslagsspelarar nektar å spele privatkampane mot Bolivia og Peru, melder fotballforbundet i landet.
Årsaka er uroa og den politiske krisa i Chile. Spelarane tok avgjerda onsdag.
– Det er ei vanskeleg tid for landet vårt. Av respekt for det som skjer, er det rett at vi ikkje spelar denne kampen, seier Bayer Leverkusen-spelar Charles Aránguiz.
Chile skulle ha møtt Bolivia denne veka og Peru den neste. Kampen mot Peru skulle vore revansjeoppgjer etter at Peru vann semifinalen i Copa America i sommar.
Det har vore uro og demonstrasjonar i Chile dei siste fire vekene, og fleire av spelarane har uttrykt støtte til misnøya mot presidenten.