Sesongen over for Nilsson
Stina Nilsson kjem ikkje tilbake i langrennsporet denne sesongen, melder SVT. Nilsson måtte hoppe av Tour de Ski på grunn av eit ribbeinsbrot og fekk beskjed at ho var ute med skade i seks veker. Det har tatt lengre tid enn venta og nå har 26-åringen bestemt seg for å avslutte sesongen for å ikkje risikere VM-sesongen neste år.
– Eg kjenner at det ikkje er noko å stresse for. Eg brukar ikkje stavar i trening ennå og vil ikkje risikere neste sesong, seier ho til SVT.