Kristoff krasja med gutt etter mål
Alexander Kristoff var uheldig og krasja med ein liten gut etter å ha passert målstreken i sykkelrittet Algarve rundt. Både Kristoff og guten blei lettare skada i uhellet som skjedde på veg ned etter målgang frå fjelletappen i Tavira. – Eg køyrde normalt, og plutseleg kom ein gut springande ut rett framfor meg, og da var det umogleg å unngå og krasje, seier Kristoff til TV 2.