Kina stenger for innreise
Kina stenger slik at folk frå andre nasjonar ikkje kan komme inn i Kina, melder det kinesiske utanriksdepartementet. Årsaka er den raske spreiinga av koronaviruset i verda. Den siste tida har dei fleste nye smittetilfella i Kina komme frå andre land.