Rapport: Minoritetar meir utsette
Personar som tilhøyrer etniske minoritetar i Storbritannia, har mykje høgare risiko for å døy av covid-19, bekreftar ein ny rapport utarbeida av britiske helsestyresmakter. Rapporten gjev ikkje svar på kva som er årsaka til forskjellane.