Varslar auka temperatur
Gjennomsnittstemperaturen vil truleg vere høgare over nesten heile verda dei neste fem åra enn den har vore dei siste tiåra. Temperaturen aukar særleg mykje i Arktis. Det kjem fram i ein rapport frå Verdas meteorologiorganisasjon (WMO).