Alle dyra berga frå driftsbygning
37 storfe og ein hest er berga ut av ein driftsbygning i Isfjorden i Rauma kommune. Bygninga skal vere i ferd med å rase saman, og det lek gjødsel ut igjennom veggen. Politi, brannvesen og kommunen jobbar med sikringsarbeid.