26-mannstropper til EM
Deltakarnasjonane i fotball-EM får ta ut 26 spelarar i troppene, mot normalt 23, har UEFA bestemt. Årsaka er korona-epidemien.
Det skal forhindre at laga ikkje skal få for få spelarar sjølv om dei får korona i troppen.
Men det blir framleis ikkje lov å ta ut meir enn 23 spelarar til kvar kamp.
Troppene må vere innmelde seinast 1. juni.