Smitteauke i Steinkjer
Den siste veka er det påvist 82 nye smittetilfelle av koronaviruset i Steinkjer. Ein går utifrå at om lag halvparten er omikronvarianten. Det skriv Trønder-Avisa.
– Måndag og tysdag vil bli dagar med veldig høge smittetal. Og den store smittetoppen vil komme i januar, seier kommuneoverlege Sunniva Rognerud til avisa.
Bakgrunnen for det utsegnet, er oppfordringa om testing av barn og tilsette før oppstart i skule og barnehage måndag.
Søndag kveld er kriseleiinga i kommunen samla.