– Har drepe 60 jihadistar
Om lag 60 jihadistar er drepne i det afrikanske landet Burkina Faso den siste tida.
Det er lokale styrkar med støtte frå franske soldatar som har stått for angrepa, melder det franske militæret.
– Fire gonger mellom 16. og 23. januar blei grupper av terroristar lokalisert, identifisert og nøytralisert, heiter det i meldinga.