Mange følgde Rayan til grava
I Marokko følgde fleire hundre personar fem år gamle Rayan til grava, melder AFP. Guten fall ned i ein 32 meter djup brønn. Redningsarbeidarar fekk henta han ut etter fem dagar. Men kort tid etterpå kom beskjeden om at femåringen ikkje hadde overlevd.