Overtidsdrama då Tottenham slo City
To mål av Harry Kane sikra Tottenham 3-2 og ein svært overraskande bortesiger over ligaleiar Manchester City.
Dermed sikra Tottenham sin andre siger mot City denne sesongen. Det blei 1-0 i serieopninga mot dei regjerande Premier League-meistrane.
To minutt på overtid trudde City dei hadde utlikna på Riyad Mahrez' straffe.
Men etter fem av dei sju overtidsminutta heada Kane inn sitt andre mål for kvelden og sikra poenga for gjestene frå London.
Dejan Kulusevski gav Tottenham ein flott start med scoring etter fire minutt i sin første kamp frå start for klubben. Ilkay Gündogan utlikna etter ein god halvtime, og det stod 1-1 ved pause.
Kvarteret etter pause var Tottenham i føringa igjen, etter eit skot i krysset frå Harry Kane.
Dette var Citys første tap på 16 kampar. Dei leier framleis med seks poeng til Liverpool, men har spela ein kamp meir.
Tottenham er dermed framleis utan tap utanfor London denne sesongen. Alle åtte tapa har kome innanfor bygrensa.