Tenåring alvorleg skadd i Engerdal
Ein person er alvorleg skadd og køyrd til Hamar sjukehus etter ei trafikkulykke på Fv 26 ved Hylleråsen i Engerdal. Ifølgje NTB skal bilføraren vere ein 19 år gamal mann.
Dei to andre i bilen er lettare skadd, seier operasjonsleder Kristian Bjaanes i Innlandet politidistrikt. Bilen havna på taket og det er mistanke om stor fart. Det er fartsgrense 80 km/t på ulykkesstaden.