Ein mann omkom etter trafikkulykka i Seljord
Ein mann i 70-åra omkom etter ei trafikkulykke i Seljord onsdag ettermiddag. Pårørande er varsla, skriv politiet på Twitter.
Ein Oslo-mann i 70-åra har status som sikta, og har fått førarkortet sitt beslaglagt etter dødsulykka.
Den tredje personen som var køyrt til sjukehus var ein mann i 60-åra.
Politiet jobbar framleis på staden.