Fleire ofre etter skyteepisodar i Vancouver
Det kanadiske politiet bekreftar at fleire personar er skotne etter fleire skyteepisodar i forstaden Langley i Vancouver, Canada. Det melder CBC.
Politiet sende ut varsel om hendinga like etter klokka 06.15 lokal tid (15.15 norsk tid).
Politiet fortel at fleire av ofra var heimlause og at dei trur angrepa var målretta.
Det er førebels ikkje klart om nokon av dei skotne er drepne.
Ein mann er arrestert mistenkt for skytinga, bekreftar politiet rundt klokka 07.00 lokal tid (16.00 norsk tid). Politiet veit ikkje om det kan vera fleire gjerningspersonar.
Folk i byen blir bedt om å halda seg inne fram til politiet gjev beskjed om noko anna.