Mann truga på livet for å få gratis slush
Politiet har aksjonert i Boganesveien i Stavanger, der ein mann truga dei tilsette i ein restaurant på livet.
Mannen i 30-åra skal ha sagt at han ville skamslå eller drepe dei som arbeidde i restauranten om han ikkje fekk ein gratis slush.
Mannen skal ha sett rusa ut, og politiet vil ta han til legevakta før dei tek han til arresten.
Ingen gjenstandar vart brukt då mannen truga dei rundt seg.
– Politiet kjenner han frå før, seier operasjonsleiar Jøran Solheim.