Forskarar trur vulkanutbrotet på Island kan vere over
Utbrotet frå vulkanen Fagradalsfjall på Reykjanes sørvest på Island er kanskje over, ifølgje vulkanekspertar.
Det har ikkje vorte registeret noko aktivitet sidan søndag morgon, og lavastraumen har stansa, melder kringkastaren RUV og viser til ein rapport frå islandske beredskapsstyresmakter.
Islandske styresmakter vil likevel ikkje formelt erklære utbrotet som over, men seier det framleis kan komme nye utbrot.
Utbrotet starta 3. august ved Fagradalsfjall på Reykjanes-halvøya, om lag fire mil frå Reykjavík.
(NTB)