Greier ut lovendring etter frifinning av fetteren
Dommen mot Birgitte Tengs sin fetter viser at det er naudsynt å greie ut behovet for lovedringar for å unngå tilsvarande saker i framtida, seier justisministeren til NTB.
– Departementet er i gang med dette arbeidet, skriv Emilie Enger Mehl i ein e-post fredag kveld.
Fetteren til Birgitte Tengs blei i 1997 dømd for drapet på henne. Han blei året etter frikjend i Gulating lagmannsrett, men dømd til å betale 100.000 kroner i erstatning til Tengs sine foreldre.
Erstatningsdommen blei oppheva fredag, og fetteren er med det reinvaska for drapet.
(NTB)