Kontroll på bustadbrann i Tysvær
Nødetatane rykka ut til ein brann i ein einebustad i Tysvær kommune laurdag ettermiddag. Politiet fekk melding om at det var full fyr i taket på bustaden, og opplyste at det ikkje skulle vera nokon personar i bustaden. Klokka 13.29 melde politiet at brannvesenet hadde fått kontroll på brannen.