Har opna rullebanene på Flesland att
Rullebana på Flesland har opna att etter å ha vore mellombels stengt dei siste timane på grunn av snø. – Det er ein del fly som kjem til å lande og lett no, opplyser marknads- og kommunikasjonssjef hos Avinor, Cathrine Fuglesang Framholt.
To fly har ifølge Avinor teke av.
Rullebanene stengde 18.25 på grunn av mykje snø. Planen var å opne dei att 19.10, men dette blei utsett. Om lag 21.30 opna banene att. Ei rekke fly har blitt innstilt og fleire fly forsinka, men no skal flya igjen kunne lande og lette.