Bergen: Mann i 80-åra angripen på matbutikk
Naudetatar rykte ut 18.30 til Laksevåg Senter i Bergen etter at ein mann i 80-åra blei angripen inne på ein matbutikk, melder politiet.
Mannen skal blant anna ha blitt slått med ei glasflaske før vektarane på senteret greip inn.
Operasjonsleiar Stein Rune Halleraker seier til NRK at det verkar som angrepet var «tilfeldig og uprovosert».
– Det er ingenting som tyder på at det er nokon relasjon mellom den fornærma og den mistenkte her. Men vi må undersøke kva som kan vere grunnen til at dette skjedde.
Den fornærma blitt frakta til legevakta, melder politiet vidare. Den mistenkte skal vere ein mann i 30-åra. Han har no blitt arrestert, og patruljen har avslutta på staden.