Al-Quds-brigaden: Vil sleppe fri to gislar av humanitære og medisinske årsakar
Ein talsperson for Al-Quds-brigaden seier dei vil sleppe fri to gislar for humanitære og medisinske årsakar. Det melder Reuters. Det skal vere ei kvinne og ein gut som skal bli lauslatne.
Brigaden, som er den væpna fløya til Islamsk hellig krig (Jihad) seier det vil skje når «passande tiltak» er lagt til rette. Det er usikkert kva nasjonalitet desse to gislane har.
Tidlegare har Hamas lauslate to amerikanske gislar av humanitære og medisinske årsakar.
Fleire enn 200 gislar blei ført over til Gazastripa etter Hamas sitt angrep på Israel 7. oktober.