Mann pågripen i Sokndal
Væpna politi rykte natt til fredag ut i samband med ei valdshending i Sokndal i Rogaland. Det skjedde etter melding om skadeverk på fleire adresser, og at ein mann skal ha blitt slått med jernstong.
– Vi sende fleire patruljar og valde å væpne oss då det ikkje var kontroll på mannen i 30-åra. Då politiet kom til staden blei han pågripen utan dramatikk, seier operasjonsleiar Håkon Lokna til NRK.
Mannen som enno ikkje er avhøyrd blir sett i arresten.
– Det er ein mogleg relasjon mellom gjerningspersonen og den fornærma. Det er ikkje noko fare for innbyggjarar i Sokndal, seier Lokna.