World Central Kitchen startar opp att hjelpearbeid i Gaza
Sundag melde organisasjonen World Central Kitchen (WCK) at dei startar opp att arbeidet sitt i Gaza.
Organisasjonen stoppa å levera naudhjelp til Gaza då sju av hjelpearbeidarane deira blei drepne i eit israelsk angrep 1. april.
No startar dei opp att og vil prøva å få så mykje mat inn på Gaza som mogleg, skriv dei på nettsidene sine.
Ifølge organisasjonen har dei 276 lastebilar med om lag 8 millionar måltid klare til å krysse grenseovergangen i Rafah, sør på Gazastripa.