Hamas seier dei har angripe israelske mål frå Libanon
Den militære fløya til Hamas, Qassam-brigadane, seier dei har fyrt av fleire rakettar frå Sør-Libanon mot israelske militære mål rett over grensa, melder Reuters.
Måndag føremiddag gjekk luftsirenene på israelsk side av grensa, men det er ikkje meldt om drepne eller skadde.