Ber Nortura importere egg til 17. mai
Høgre og Venstre ber Nortura importere egg til nasjonaldagen.
Det har vore mangel på egg sidan sommaren i fjor.
I januar lova Nortura og landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) at det ville vere nok egg til påske, men det klarte dei ikkje på grunn av høgt sal direkte frå gardane.
Dersom oppmodinga blir følgd, betyr det at pavlovaen til 17. mai er sikra.