Haaretz: Hamas vil ha garantiar frå Israel
Hamas krev ein garanti for at Israel ikkje tek opp att kampane i Gaza som ein føresetnad for våpenkvile, skriv den israelske avisa Haaretz. Dei viser til anonyme kjelder i Hamas.
– Vi ønsker at palestinarar i Gaza skal leve. Det vil seie at krigen blir avslutta, israelsk tilbaketrekking, at Gazastripa bli bygd opp att og ei klar politisk skisse, seier ei av kjeldene.
Også AFP og Al Jazeera melde måndag at Hamas ønskte seg garantiar frå Israel. Dei hadde snakka med medlemmar i delegasjonen til Hamas som var i Egypt for å drøfte våpenkvileforslaget.
Israel har levert eit forslag til våpenkvile som fleire vestlege leiarar seier er eit sjenerøst forslag, og har bede Hamas godta.
Israel har kravd eit svar innan onsdag kveld.
Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu sådde tysdag tvil om ei varig våpenkvile. Han sa hæren er klar til å gå inn i Rafah sør på Gazastripa uavhengig av om det blei våpenkvile eller ikkje.