Borrell fordømmer Israels evakueringsordre i Rafah
EUs utanrikssjef Josep Borrell fordømmer evakueringa av palestinarar i Rafah, og ber Israel avlyse bakkeoffensiven, melder Reuters.
– Evakueringsordren til Israel til sivile i Rafah varslar det verste: meir krig og hungersnaud. Det er uakseptabelt. Israel må gi avkall på bakkeoffensiven, skriv han på sosiale medium måndag.
Over ein million menneske har søkt tilflukt frå krigen i Rafah, etter at dei blei tvungne til å reise frå heimane sine andre stadar på Gazastripa på grunn av israelske angrep.