Svensk politi etterforskar hending under Eurovision - Nederlandsk artist avhøyrt
Svensk politi har starta etterforsking av ulovlege truslar under Eurovision, skriv svenske Aftonbladet.
– Vi har ei sak om ein mann som er mistenkt for ulovlege truslar i Malmö Arena. Det skal ha gått føre seg torsdag kveld, men meldt til politiet fredag, seier Evelina Olsson i politiet til Aftonbladet.
Politiet seier at dei har avhøyrt vitne og sett i gang med etterforskingstiltak.
SVT skriv at svensk politi ikkje vil svare på om mannen er den nederlandske artisten Joost Klein.
Klein fekk ikkje opptre under jury-prøvene fredag etter ei «hending».
Ifølgje SVT seier politiet at den råka er ein medarbeidar i ESC.
Den nederlandske avisa AD skriv at dei har fått stadfesta frå svensk politi at det er Klein som er mistenkt for å trua ein tilsett. Politiet vil ikkje seie nøyaktig kva Klein skal ha sagt, men at han blei avhøyrt fredag.