Streik i NVE: – Snøskredvarselet kan mangle heilt
![Streik i NVE: – Snøskredvarselet kan mangle heilt](https://gfx.nrk.no/vDNaxADzEMEvZocgvVjzAAnD_x-eqildhG8TCRBxMs7g.jpg)
Unio og Akademikerne er tatt ut i streik. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fredag tatt ut 295 tilsette i streik. Fleire blir tatt ut måndag.
Direktør i NVE Christine Kiste seier til NRK at dei sett overvaking- og varslingssystema på eit minimumsnivå for å førebygge skade på liv, helse og verdiar.
NVE er dei som mellom anna overvaker flaum og skred i Noreg.
– Snøskred- og isvarslinga er råka og innhaldet i varsla vil vere avgrensa eller mangle heilt. Flaum- og jordskredvarslinga vil gå føre seg tilnærma normalt, seier Kiste.