Kraftig fall i inntektene til bønder
Driftsgranskinga til NIBIO viser at inntektene fall til eit snitt på 363.900 kroner per årsverk i fjor.
Rekneskapstala er baserte på 938 gardsbruk over heile landet.
NIBIO trekker fram ekstremvêret Hans som ein av faktorane som har dratt inntektene ned. I tillegg har kostnadene til kraftfôr auka med 11 prosent og kunstgjødsel med 27 prosent.
– 2023 var eit krevjande år for jordbruket. Avlingssvikt, auka kostnader og auka renter bidrog til dei dårlege resultata. Resultata ville vore enda verre utan den store auken i tilskota frå jordbruksoppgjeret 2022, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) i ei pressemelding.